mandag, desember 13, 2010

Et vindu i advent 13: Konsert i Lomskyrkja

Lomskyrkja stråler om kapp med Lucia.
Ljos i alle vindauge.
Ljos i songar-auge når Kristbjørn lyfter handa.
Born syng.
Vaksne spelar og syng.
I`ll hasten to His throne...
Det er jol...
Eit barn er født...Himmelongen!
I dag har eg vilja lovsyngje deg.
"Halleluja to the newborn King", medan snøkanten forsvann og vegen kom fram.

Eg sit heilt innst attmed preikestolen, det høver seg slik når eg skal stå ytst på sopranrekkja.
Eg nyt utskjæringa på kloss hold. Nokon har laga andre merke på benk og søyle, og maling er slitt vekk av hender som har stødd seg her opp gjenom åra. Kor mange born har leika seg rundt og under denne preikestolen, tru?
Då kjenner eg at det sit i veggene- lovsongen, bønene opp gjenom åtte hundre år. Og Orda, lever dei ikkje her enno ein stad? Eg har ikkje våga meg opp i stolen enno, men dei seier at då står ein trygt planta i spora til alle dei som har stått der før. Der er golvet slitt ned.

Og eg let att augo og lar mi røyst juble med i songen utan ende - han som englane song for fyrste gongen i eit anna land, ved gjetarbålet.
Du er heilag, vil eg stemme i, ja, du er heilag og eg elskar deg, min Far og bror, som møter mi lengt med tørst, som famnar mi lengt med di.

"Det var difor han kom hit, han bar børa for oss".

"Halleluja to the newborn King, the Lord is worthy of all praises!"

Ingen kommentarer: