fredag, desember 11, 2009

11.vindu: Lovsang i mørketid


mitt liv med deg
Herre
skal alltid bera fram lovsongar

dei skal fødast i mørke rom
veksa ut vindauge
og dører
dei skal anga for deg
og bløma
eit villniss av lovsong
- livet mitt i deg!

dei skal fødast
medan snøstormane rår
veksa lik nordlys
ein orgelkoral
i mørket over kvite fjell

lat oss syngja og syngja
om dette å vera i Jesus
fødd inn i ei verd
av tilgjeving

mitt liv i deg
Herre
skal alltid bera fram lovsongar

du skal veksa og veksa
medan mørkret fell

Ingen kommentarer: