tirsdag, desember 20, 2011

Vindu 20: Snart julekveld

 

julekvelden

vart dørene opna

og me gjekk stilt inn i æva

 

kveld attom tid og stad

 

juledags morgon

fann oss rikare att

då brann Du stilt i våre rom

 

kveld attom tid

og her er duka til møte

 

heretter er me

møtestader

julekvelder

der dører opnast

og Du og menneske finn kvarandre

 

stille rom

der tog står

og høgtalarane teier

 

kyrkjerom

der bord vert sette fram

og ljos tende

 

julekveld

men tog tråklar berre vidare

utanfor

 

( fra mi første jul i Japan)

Ingen kommentarer: