no teier vinden
eit varleg streif av sol
og gyllen skog
du høge klårleik
og du djupe visse
slik sig min båt mot land
med vare tak
for eg har rodd og rodd
eg har fart vide
no veit eg at eg alltid var på veg
til denne tida og til denne staden
ei rydda stø
imellom tang og hav og tid
no teier vinden
eg ankrar opp
i still og djup septemberfjord
finn eg di dør
og finn eg henne opna
finn eg deg der, mi lengt,
då har eg funne heim
eit varleg streif av sol
og gyllen skog
du høge klårleik
og du djupe visse
slik sig min båt mot land
med vare tak
for eg har rodd og rodd
eg har fart vide
no veit eg at eg alltid var på veg
til denne tida og til denne staden
ei rydda stø
imellom tang og hav og tid
no teier vinden
eg ankrar opp
i still og djup septemberfjord
finn eg di dør
og finn eg henne opna
finn eg deg der, mi lengt,
då har eg funne heim
1 kommentar:
Hei Anna Magni!
Ikke slutt å blogge - har vært jevnlig innom, og det har jeg tenkt å fortsette med:-)Skal kose meg med å lese på den i høst, og se på fine bilder. Nå er jeg tilbake i Norge, og ser tilbake på Thailand-året med savn og varme i blikket! Men godt å være i Norge og! Ha en deilig og fargerik høst!
Og gratulerer med nytt familiemedlem!
Hilsen Hilde.
Legg inn en kommentar