søndag, mars 07, 2010

i urolige tider




om noko brått skulle riste oss ut
av sømnen,
måtte det vere
eit ord frå Deg, Herre

om noko skulle skylle over oss
og rive oss med seg,
måtte det vere
ein tsunami
av ditt levande vatn, Herre

og om noko skulle breste og renne
nedetter fjellet
måtte det vere
ein lavastraum av lovsong

som skulle brenne ut
det vonde og forvridde
som skulle rydde nytt land der kjelder sildrar
og gress gror

Herre, det bed eg om
medan jorda rister og skjelv






Ingen kommentarer: