og eg merka ikkje at knea
vart stive av å knele så lenge
ikkje før Han var vekk
og dei skunda seg attende til byen
då kunne eg mest ikkje
følge med
men eg og kjende gleda
sprenge i brystet
eg såg ikkje at Han for
eg hadde nett lete att auga
for å tørke vekk ei tåre
då steig bruset ikring meg
bølga som bar Han av stad
eg sansa meg ikkje
før Han var vekk
sidan
gjekk me til templet
kvar dag
dei såg på oss
desse som ikkje visste:
at Han som me kjende og elska
no er Konge og Gud
at Han som me skildest frå
ein gong kjem att
no kan eg og snart
bøna Han lærde oss
og det Han sa
Maria mora vert ikkje trøytt
av å fortelje
medan unge Maria
drøymer seg vekk
rett som det er
det har gått lang tid no
men gleda har ikkje slokna
og eg undrast - kjem ikkje det Han lova oss snart no?
det hender eg går dit
for å sjå
men sletta er tom
ikkje noko teikn å sjå på himmelen
berre ein eim av lovsong ligg att
berre ein svak eim
for no har songen
lagt seg som ei kappe
kring jorda
ligg som ei kongskappe og ventar
Kongen som kjem
når eg løfter hendene
let att auga
er det dette eg ser