søndag, juni 12, 2011

Å stoppe opp. Å bli stoppa opp. Og se Gud i det som skjer.

Pinse .Når eg vil se for meg det som skjedde, og høyre suset av

Anden, er det elva som brummer forbi eg høyrer og ser.

Vannet – både ondt og godt. Og eit bilete på Anden som Jesus

sender.

Vassmengder – kan vi la vere å tenkje på dei no?

Kor er Gud i dei?

No må det ikkje regne meir, seier eg. Du kan ikkje la dette

vare ved, Herre. Eg vil ikkje!

Då eg skulle køyre til kyrkja i dag langs Kollavegen, kom eg

berre til Årstallssvingen. Muren langs vegen hadde rasa ut. Eg måtte stoppe.

Rygge eit stykkje, og snu.

Av og til velgjer eg å stoppe opp og sjå etter Gud der eg

er. Kor er du? Kva vil du meg?

Andre gonger vert eg stoppa. Vert tvinga til å sjå, eller

lytte. Nei, ingen kan tvingja meg til det. Eg kan velgje å ikkje lytte,

uansett, eller velgje kven eg vil lytte til. Eg kan snakke hol i hovudet på han

utan å gje han sjansen til å kome til orde…det er ikkje vanskeleg!

Men når han stoppar meg, har eg sjansen. Til å spørje, lytte

og snu.

Kor er du i flaumen, kva vil du oss? Kor er du i min kvardag

og fest?

Kva vil Han meg? Vil Han meg noko?

Då er det du spør meg:

Kven og kva er det du stoler på? Kva er viktigast for deg –

det som kan drive vekk, eller eg som alltid er der? Eg som elska deg først?

Korleis kan du elska oss når du tar frå oss ting vi har

jobba og slitt for, når du riv tryggleiken vekk under oss? Mange er redde, vi har

ikkje kontrollen lenger…seier eg.

Når eg trur at du ikkje har noko svar til dette, kjem det

stilt, men sterkt:

Eg er i flaumen og i angsten, eg er din tryggleik. Og somme

tider lyt du gripe han i trass.

Du er skapt til meg fordi det var min lengsel å elska deg. Eg

døydde for deg. Eg er hos deg. Eg er kjærleiken og nærleiken som aldri vert

fråvær, om ikkje du vel det slik. Så treng du ikkje ottast

anna enn dei flaumane som vil riva deg bort frå meg.

Vil du stole på meg? Vel du tilliten?

Og eg gjev deg den gåva å leve ut min kjærleik i verda, der tryggleiken treng eit navn.

No er det eg som vert stille.

Kva er din lengsel - Kva er di bøn? Kva svarar Han deg?

Ved Årstallssvingen, Kollavegen

torsdag, juni 09, 2011

Sjå skodda stig



sjå skodda stig



vik bort



min mørke natte - draum



ver still



mi tause lengt







eg ser ei ny



og reinsa verd



med skodde-leik



ikring



eg ser dei vakre



grøne tre



der skar og nut stikk fram



ein venleik som eg ikkje såg



igår då sola brann







min klårleik etter skoddenatt



mi visse etter regn



eg kjenner deg når skodda stig



og veit meg i di famn